
Opning av
DNT ♥ Pride
Opning av
DNT ♥ Pride
Utstilling, minikonsert og panelsamtale
Velkommen til opning av pride på Det Norske Teatret:
utstilling, minikonsert og panelsamtale. Gratis inngang!
Måndag 23. juni
Kl. 16.00: Dørene opnar, utstilling ved Bjørn O.K. Langeland
Kl. 17.00: Opningstale ved teatersjef Kjersti Horn
Kl. 17.05: Minikonsert med Oslo strykekvartett
Kl. 17.25: Panelsamtale: Å vilje leve som seg sjølv
Arrangementet er ein del av programmet til Oslo pride, og arrangert av Oslo pride i samarbeid med familien til kunstnaren Bjørn O.K. Langeland og Det Norske Teatret. Det er gratis inngang og du treng ikkje billett.

Panelsamtale: Å ville leve som seg sjølv
I tider der det å vere skeiv har vore vanskeleg, farleg eller til og med ulovleg, har kunsten vore ein fristad der skeive kunstnarar kunne uttrykke seg gjennom musikken, målarkunsten, eller litteraturen. Men kva er konsekvensen av å ikkje kunne leve autentisk?
Korleis har det vore å vere skeiv for dei utøvande kunstnarane på teaterscenen? Eller i dei fysiske og prestasjonsorienterte arenaene i idretten, der «homo» framleis er eit skjellsord og som trass mange forsøk slit med å skape trygge arenaer for skeive?
I denne samtalen snakkar vi om den russiske komponisten Pjotr Tsjajkovskij og målaren Bjørn O.K. Langeland. Vi snakkar med skodespelar Geir Kvarme, som er Hedda-nominert for rolla i teaterstykket Arven som har spelt på Nationaltheatret i vår. Og vi snakkar med den tidlegare toppidrettsutøvaren og foredragshaldaren Stian Grastveit.
I panelet sit fiolinist og Tsjajkovskij-ekspert Liv Hilde Klokk, forfattar og fotograf Knut Langeland, tidlegare toppidrettsutøvar og foredragshaldar Stian Grastveit, og skodespelar Geir Kvarme.
Samtalen blir leda av Erik Aasheim, journalist, programleiar og kommunikasjonssjef ved Det Norske Nobelinstitutt

PRIDE-meny
Restauranten Sur by De mi Tierra ved Det Norske Teatret held ope under Oslo Pride. Velkommen inn!
Les meir