Terningkast fem

«Usedvanlig presis undersøkelse av menneskelig tilstedeværelse»

Wo(o)lf Women er ei danseframsyning som utforskar det å vere sjelesøstrer. Ved å vitne den andre sin kropp, sjel og stemme vil framsyninga løfte kor viktig det er å våge å vere nær.

Kva ser du når du ser deg sjølv i spegelen?
Kva ser vitnet ditt når ho ser deg i spegelen?
Kva for verkelegheit blir skapt når du er aleine?
Kva for verkelegheit kan vi skape i lag?

Kvinner er fostra opp til å bere livet med omsorg, skjønnheit og varme.
Kor hentar dei krafta ifrå når livet slår sprekkar, og kroppen er full av kulde, er grotesk og bitter? Finst det eit «eige rom» der ein kan dele desse sprekkane?

Som sjelesøstrer ønskjer vi å vakte naturen og krafta som finst i oss.

INFORMASJON TIL PUBLIKUM
Det blir brukt strobelys i framsyninga.

Framsyninga er eit gjestespel frå Rogaland Teater og blei til i ein ein samproduksjon mellom Rogaland Teater, HAUT og DansiS.

Produksjonen er støtta av: Norsk Kulturråd – produksjon dans & bestillingsverk komposisjon, Rogaland Fylkeskommune & Stavanger kommunes 900 års jubileum.

Koreografi, regi, tekstforfattar og dansar Therese Markhus, Nina Ellen Ødegård Lyddesign Stine Janvin Lysdesign Karl Oskar Sørdal Scenograf og kostymedesignar Ingrid Toogood Dramaturg Carl Jørn Johansen Produsent Madelaine Gordon Graadahl Plakatfoto Thomas Lønning

Kjøp billett

Vel speledato for Wo(o)lf Women