I nesten to og eit halvt år har vi vore vitne til folkemord i Palestina. Kor skal vi vende oss når krigane herjar og avmakta veks, og kva betyr kunsten i krigstid?

Kunstnar Vibeke Harper inviterer publikum til å vere med på å gjere kunstrommet til ein katedral for refleksjon, fellesskap og solidaritet, og lager eit rom for menneskelegheit som motvekt til stormaktenes valdsbruk.

- I eitt døgn skal vi insistere på likeverd, menneskerettar og tryggleik for alle. I eitt døgn skal vi vise motstand mot det stadig pågående folkemordet gjennom å minnast dei døde - og samtidig feire livskrafta. Det stadig pågående folkemordet i Palestina har tatt det meste frå innbyggarane på Gazastripa – inkludert ei verdig begraving, inkludert moglegheita til å gjennomføre tradisjonelle sørgeritual.

Vibeke Harper

Vòke//Manifest knyter seg til ein kulturhistorisk stolpe – rituala – for menneska, og prøvar å skape meining i meningsløyse.


Fredag 13. mars, Scene 3
kl. 18.00 - 22.00. Publikum kan komme og gå som dei vil.

Minne- og begravingsrituale for 6 706 barn, drepne i Gaza i perioden 7. oktober til juli 2025.

Lørdag 14. mars, Foajeen
kl. 10.00 - 16.00. Publikum kan komme og gå som dei vil.

Minneritualet for dei drepne held fram.

Fredag 13. mars

Publikum blir inviterte til å delta i eit minne- og begravingsrituale for 6 706 barn, frå 6 år til under éin dag gamle, som ble drepne av den israelske hæren på Gazastripa i perioden 7. oktober 2023 til 31. juli 2025 – og å samtidig feire livet.
Rituala blir utførte inne i installasjonen 60 199 Lost Futures, og saman heidrar vi nokre av ofra for den meningslause krigen. Minneritualet består av å henge opp raude namnelappar på ein kvit duk. Langsamt blir det kvite stoffet farga raudt, og lagar eit nytt minneteppe. Begravingsritualet vil gå føre seg parallelt, og består i å lese namna frå kvite namnelappar og å etterpå legge lappen i ein begravingsurne.
Publikum er også inviterte til å signere ein kondolanseprotokoll, som vil bli overlevert palestinske myndigheiter når folkemordet endeleg er over. Det blir ei markering både ved opninga og lukkinga av vaken.

Laurdag 14. mars

I Foajeen held minneritualet for dei drepte barna fram.
Samtidig vil vi markere at livet må gå vidare, gjennom å feire den levande palestinske kulturen. Publikum er inviterte til å delta i fellesskapen, drikke palestinsk te, ete dadlar, lytte til poesi, tekstar og musikk og å danse den palestinske folkedansen dabke. Det kunstnarlege programmet for dagen byr på spennande gjestar, og blir oppdatert.

60 199 Lost Futures

I ein 68 timar lang performance på Vega Scene i Oslo i oktober 2025 deltok meir enn 200 menneske i ein kulturell stolpe i menneskas historie; minne- og begravingsritualet. Saman leste og «begravde» dei, og hengte opp namna til 18 459 barn drepne i Gaza mellom oktober 2023 og juli 2025. Døgnvake for Gaza III blei gjennomført i samarbeid med Lena Kristin Ellingsen, Skuespillere mot folkemord, Katrin Glatz Brubakk, Kent Clark og Vega Scene.

I etterkant av dette har Harper arrangert fleire døgnvòker i inn- og utland, og verket er no fullført. Verket 60 199 Lost Futures består av ti minneteppe og er utarbeidd av Vibeke Harper, produsert i samarbeid med Vega Scene.

Kjøp billett

Vel speledato for Vòke // Manifest