Bakgrunnsartikkel

Publikum om direktestrøyming av Villanda

Vi har no hatt fleire direktestrøymingar av Villanda - og mange har fått den med seg. Her har vi samla eit knippe tilbakemeldingar frå publikum som vi set så stor pris på!

- Fantastisk tilbod. Kjempebra framsyning! All ære til dykk - vi er strålande fornøgde!

- Slike tilbod om direktestrøyming er gull verd for oss som bur i distrikta.

- Det er så kjekt å kunne gi elevane kvalitet - og ekte teater.

- Vi har nettopp sett oppsetjinga av Villanda. Direktestrøyminga fungerte veldig bra, og vi i 3A på Oslo Private Gymnasium ønskjer å sende ein liten applaus til skodespelarar, teknikarar og produksjon. Den er lagt ved her!

- Tusen takk for ei fin framsyning som vi fekk frå dykk.
Blei så nært, flott og dramatisk.
Vi serverte musserande vin og koste oss.
Tusen takk frå ………. sjukeheim

- Eg er teaterlærar på vidaregåande i ... og må bere seie at eg synest det er fantastisk at de gir oss denne moglegheita til å sjå stykke vi elles ikkje har moglegheit for å sjå. Håpar dette kan fortsette sjølv etter koronaen er historie (snart håpar eg).

- Det var ei flott oppsetjing. Eg har sett Villanda fleire gonger i ulike oppsetjingar. Eg er alltid litt skeptisk når gamle klassikarar blir moderniserte. Denne gongen blei eg ikkje skuffa. De har klart å føra stykket inn i vår tid og likevel vera tru mot Ibsen. B R A V O!

- ...det må ha vore rart å ikkje ha publikum til stades, men nerven, det finstemte spelet og nærværet kom fram til oss i .... Takk!

- Synest de har gjort ein formidabel jobb. Vi er særs fornøgde med alt.

- Fantastisk på alle måtar. Ja til meir direktesendt strøyming av kvalitetsteater!

- Samtalen før var veldig interessant og ga ein god introduksjon til oppsetjinga.

- Veldig flott tilbod med strøymeteater!! Vi har sakna Det Norske Teateret!