Terningkast fem

Morsomt og urovekkende på samme tid.

Bergens Tidene
Terningkast fem

«Våre barn» reiser eksistensielle spørsmål, både for kloden og menneskene. Det hele er vevd inn i et eksplosivt trekantdrama

Bergensavisen

Våre barn er djupt alvorleg og hysterisk morosamt.

Dag og Tid

Kor mykje vil vi gi avkall på for å betre framtidsutsiktene til dei som kjem etter oss?

Verda er i ferd med å gå av hengslene. Atomkraftverket er nesten øydelagt etter siste jordskjelvet. Vi møter eit ektepar, to pensjonerte kjernefysikarar, som får uventa besøk på den landlege tilfluktsstaden sin. Brått blir dei stilt overfor eit moralsk dilemma som femner vidt. Kor mykje vil vi gi avkall på for å betre framtidsutsiktene til dei som kjem etter oss?

Med eit stort alvor og skarp humor blir historia fortalt om kva som skjer ettermiddagen dei pensjonerte kjernefysikarane får besøk av ein felles kollega dei ikkje har sett på nesten 40 år. Ekteparet bur no i eit lite hus like ved den evakuerte sona rundt det lokale atomkraftverket. Robin vil ikkje sleppe taket i det gamle livet deira, mens Hazel fordjupar seg i yoga og er oppteken av kampen mot alderdom og forfall.

Når det ein kveld bankar på døra må dei to likevel til å gjere opp status. Det er noko løynd og litt truande ved den overraskande gjesten. Er det fortida eller ansvaret for framtida ho vil konfrontere dei med?

Gjestespel frå Den Nationale Scene.

Finn ut meir