Trommekurs med Mini Masahat Trommekurs med Mini Masahat
Velkommen til trommekurs + arabisk fest i høve id-feiringa!
Trommekurs
Velkommen til eit rytmisk eventyr med Safaa Al-Saadi! Gjennom leik med ord, takt og toner lærer barna å spille enkle rytmar på den arabiske tromma darbuka. Safaa, ein allsidig musikar, tar med seg arabiske trommer som barna får låne. Han vil også spele litt på arabisk fløyte og riq. Her er det plass til både latter, dans og læring!
TROMMEKURS-PROGRAM
14.30-15.00
15.00-15.30
15.30-16.00
Id-feiring (arabisk fest)
Etter trommekurset avsluttar vi kvelden med ein hyggeleg arabisk fest fylt med arabisk musikk, dans, kreativitet og deilige matsmakar frå Jamals Falafel! Arrangementet passar for alle barn og familiar – både for dei som har arabisk som morsmål og for dei som er nysgjerrige på språket og kulturen. Gjennom kreative aktivitetar, rytmisk musikk og felles matopplevingar skapar vi ein liten møtestad der barn og vaksne kan utforske, lære og ha det gøy saman.
ID-FEIRING PROGRAM
16.00 –17.00: Dabke-dansekurs med song og musikk
17.00 – 17.30: Mat og kaker
**Gratis inngang og ope for alle**
Dette arrangementet er i samarbeid mellom Mini Masahat, MelaFantasi på arabisk og Palestinaprogrammet på Det Norske Teatret.
Masahat er foreininga for å formidle kultur, kunst, historier og kunnskap frå Midtausten og Nord-Afrika, med eit spesielt fokus på den arabiske verda.
ووركشوب دربوكة مع ميني مساحات
مساحات للصغار والمسرح النرويجي يرحب بكم في ووكشورب الدربوكة مع صفاء السعدي. من خلال اللعب بالكلمات والإيقاع والنغمات، يتعلّم الأطفال عزف إيقاعات بسيطة على الطبلة العربية، الدربوكة. صفاء السعدي، وهو موسيقي متعدّد المواهب، يجلب معه دربوكات يمكن للأطفال استعارتها. كما سيعزف قليلًا على الناي العربي وعلى الرقّ. استعدوا للكثير من التسلية والرقص والتعلّم!
يقدم هذا العرض بالتعاون مع مؤسسة مساحات للثقافة العربية في المنفى، وهي وهي مؤسسة مستقلة غير ربحية، تعمل على إنتاج ثقافة وفنون من الشرق الأوسط وشمال إفريقيا، مع التركيز بشكل خاص على العالم العربي والمجتمعات المهاجرة في النرويج.
I samarbeid med Masahat, foreininga for å formidle kultur, kunst, historier og kunnskap fra Midtausten og Nord-Afrika, med eit spesielt fokus på den arabiske verda.
Foto: Elisa Bates / Mini Masahat