Åtte finalistar, 1500 kr, uendeleg hype, Ivar Aasens legacy sett i praksis i finalen av Scene3s ultimate trading card game!!

QUALIFIERS SIGNUP (31.aug-28.sept) her!

Spelarar frå heile Oslos regionar har kjempa seg gjennom qualifiers for å komme seg hit, og no skjer det! Det vi alle har venta på: DEN STORE FINALEN!

Det blir ikkje berre eit vilt show med peak IKT yu gi oh animasjonar når korta blir spelte, det blir konsert-innslag, sjuke avsløringar og show du ikkje visste du ville ha.

Vil omaru-chan- , Tord - Diablo King- og Heart Clan Twins-korta sigre igjen, eller vil nye kort reise frå undergrunnen? Vinnaren vil få 1500 kr av The Sleepless Knight personleg, og sitt eige TCG kort!

**Vi spelar først og fremst for å ha det gøy først og fremst, så broken strats with no fun risikerar å bli banna<3.

Program

⁃ Top 8 finals
⁃ Frieren & Vinland Saga changed our lives
⁃ Magic Mouse vs. Capitalism reveal trailer
⁃ Safario concert
⁃ Looser’s brackets
⁃ Det Norske Teatret: REALITY reveal trailer
⁃ CURSED: Audition - the chosen one
⁃ Secret reveal
⁃ Honorary TCG awards
⁃ Molecule experience

Grand finals

⁃ Gringo Star x The Sleepless Knight goodbyes

MED Tani Dibasey, Io Sivertsen, Simon Mørland, Malik Edo, Fredrik Pfeil, Ulv Kjalar Eyjolfsson

Kjøp billett

Vel speledato for Trading card game tournament