Stjerner, songar, ansikt
Med Hildegun Riise og Anders Aarum
Ein poesikonsert med skodespelar Hildegun Riise og pianist Anders Aarum.
Her er dikt frå ulike stader i verda av mellom andre Edith Södergran, Eva Kiilpi, Hans Børli, William Butler Yeats, Jon Fosse, Eva Jensen, Li Po, Tadeusch Rosewiczh, Olav H.Hauge, Åse Marie Nesse, Jerzy Harasymowicz, Helge Torvund, A. Amini og Lars Amund Vaage.
Saman med nokre songar av mellom andre Kari Bremnes, Stein Torleif Bjella, Edvard Hoem/Henning Sommerro, Tom Roger Aadland og musikk spelt av Anders Aarum blir dette ein vev av musikk og poesi.
Tema krinsar rundt menneskemøte - ansikt som kjem og forsvinn eller blir verande hos oss. Avtrykk og erfaringar som gjer oss til dei menneska vi er. Opplevingar av kjærleik og visdom, møter med smerte og einsemd, dei livsviktige bagatellane, den frigjerande humoren og ikkje minst kjærleiken til det mangefasetterte livet.