Scenograf og dramatikar Mari Hesjedal undersøkjer ei dramatisk form som blandar element frå poetisk draumspel med krim.

I Sov ikkje møter vi Eg, som i mangel på søvn, slit med å skilje røyndom og fantasi. Ho leitar etter Ho, som var saman med henne, men som no er borte. Kva har skjedd og kva er Eg si rolle i det heile? Gjennom hovudrolla sitt perspektiv blir vi tatt med på ei reise gjennom ein by, i eit forsøk på ein rekonstruksjon av noko som har hendt - eller har det eigentleg det?

Regidebutant

Regissør Iram Haq gjer sin teaterregidebut på Det Norske Teatret med framsyninga Sov ikkje. Ho er frå før filmregissør, skodespelar og forfattar. Ho debuterte som spelefilmregissør med Jeg er din (2013), som ho også skreiv manus til. Filmen blei heidra med Kanonprisen for beste manus. For Hva vil folk si (2017) vann ho både Amandapris og Kanonpris for beste filmmanus og regi.

I kjølvatnet av Fosse

Mari Hesjedal er ein av dramatikarane som kjem i kjølvatnet av Jon Fosse. Fossefestivalen er ein arena for dramatikk som er skrive etter Jon Fosses dramatikardebut i 1994, og ønskjer også å løfte fram nye stemmer. Hesjedal er forutan dramatikar også scenograf og kostymedesignar.

Framsyninga er eit samarbeid med Dramatikkens hus.

Møt dramatikaren

For international guests at The International Fosse Festival

Finn ut meir