Framsyninga er dessverre avlyst,

Bli med ned i Sondheims magiske musikk-skattekiste og følg innstuderinga av nokre av hans episke låtar. Vi lagar også eit Sondheim-kor undervegs.

Vi drøymer om ein stor Sondheim-konsert ein gong i framtida. Stephen Sondheim: dette heilt unike mennesket som komponerte magisk bra musikalar heile livet. Men kor skal vi begynne? Vi inviterer publikum inn til ei prøve, der vi undersøker og innstuderer noko av dette fantastiske materialet. Og kanskje treng vi litt hjelp av dei frammøtte for at koret skal bli mektig og flott? Velkomen til ein speed-date med Sondheim!

Med Sanne Kvitnes, Heidi Gjermundsen Broch, Trond Lindheim med gjestar

«Alt er gratis*»

Arrangementa er del av «Alt er gratis*»-perioden på Scene 3 hausten 2023.
Gratisbillettar til framsyninga blir tilgjengeleg kl. 08.00 7 dagar før speledato.