Ei dramatisk forteljing om maktkamp, intriger og kjærleikens magiske kraft.

Ein av dei underlegaste passasjane i Snorres kongesagaer er forteljinga om Snøfrid Svåsedatter, samekvinna som gifta seg med Harald Hårfagre før han blei mannen som samla landet til eitt rike. Ho var så vakker at kongen gløymde alt anna og forsømte stillinga si. Fire barn fekk dei i lag, før Snøfrid døydde i barselseng og Harald gleid inn i ein psykose.

Snøfrid var like vakker død, som da ho levde, og derfor blei ho liggjande på likstrå i heile tre år. Hårfagre var sikker på at ho kom til å vakne igjen.

Dramatikar Arne Berggren har gått inn i Snorres forteljing og prøvd å finne ut kva som eigentleg skjedde før Harald Hårfagre samla Noreg til eitt rike.

Framsyninga er eit gjestespel frå Det samiske nasjonalteatret Beaivváš

Inspisient og tilleggsscenar og songtekstar: Rawdna Carita Eira
Regi: Haukur J. Gunnarsson
Koreograf/regiassistent: Elle Sofe Henriksen
Scenograf: Bård Torbjørnsen/Maja Von Hanno
Kostymedesign: Berit Marit Hætta
Lysdesign: Steinar Lohne
Komponist: Olav Johan Eira
Maske/parykk: Trude Sneve

MED
Ingá Márjá Sarre
Ánte Siri
Anitta Suikkari
Mary Sarre
Nils Henrik Buljo
Anja Bongo Bjørnstad
Egil Keskitalo

Scenespråk: Nordsamisk. Blir teksta til norsk.