I januar 2019 flytta Det Norske Teatret inn på Rommen Scene med produksjonar frå repertoaret og nye framsyningar i samarbeid med lokale krefter i Groruddalen og støtta av OBOS Presenterer.

Adressa til Rommen scene er Karen Platous vei 31.

Det er gratis parkering knytt til Rommen Scene. Næraste t-banestopp er Rommen med linje 5, og næraste busstopp er Rommi.

Det er unummererte sete i salen på Rommen scene. Billettar kan og kjøpast på tlf. 22 42 43 44 eller på Rommen Scene før framsyninga tek til.

Kontakt billettluka på tlf. 22 42 43 44 for bestilling av rullestolplass.

Framsyningar

  • Tante Ulrikkes vei

    Urpremiere 28. august

    To gutar veks opp i Tante Ulrikkes vei på Stovner i Oslo. Den eine kjem frå det vi kan kalle ein god heim, den andre har ein meir utfordrande heimesituasjon. Dei gjer begge så godt dei kan, men går likevel ei usikker framtid i møte.

    Les meir om «Tante Ulrikkes vei»
  • Don Martin presenterer: Om linjene kunne snakke

    Don Martin presenterer stemmer han likar. Det blir ein kveld med dikt, historier, tekstar, låtar og samtalar.

    Gjestane er forfattarar, poetar, tekstforfattarar, musikarar - folk som jobbar med ord. Martin leiar kvelden og samtalen. Med seg har han også sine eigne låtar og tekstar. DJ Krøllpac snurrar plater og byr på funk, soul, hiphop og god stemning.

    Les meir om «Om linjene kunne snakke»
  • BEST

    Boksing er meir enn å slåst. BEST er ei framsying om å blø for klubben. Om å drøyme, om å slå hardt, om å falle, om å kome seg opp igjen. I samarbeid med Stovner bokseklubb.

    Les meir om «BEST»