Psychic
Om psykisk helse, meiningsløyse og aliens...

Kva om du opplevde noko heilt spesielt, noko som var så utruleg rart og fantastisk og magisk og urovekkande at ingen vil tru på deg når du fortalde om det?
Psychic fortel historia om “Taume” - som har kjensla av å vere ein birolle i sitt eige liv, og blir ABDUCTED BY ALIENS.
I denne trippy, men veldig jordnære framsyninga om eksistensialisme og søken etter verdi og meining, blir denne tilsynelatande “ubetydelege” personen bortført av aliens, som ser ut som ekstreme fashion models frå framtida, og kallar han “the One”. Publikum blir tilskodarar til at Taume blir utsett for ein masse testar, der han blir vurdert og “feilar” i normale kvardagslege greier, som å sjekke opp damar på klubben, trene på gymmen, spinne diablo, gjere ingenting… Etter å ha mislyktest til og med i å spele rolla som seg sjølv, blir han dratt med i eit simulator-rom for å ha sex med ein alien han har fått kjensler for. Kva som så skjer, må du nesten komme for å oppleve sjølv...
Dette blir ei storslått komponert framsyning der 3D og verkelegheit blir merga og interagerar med kvarandre. Store 3D environments blir projiserte i heile rommet for å etterlikne ein slags simulasjon - med alien cameo’s frå TanixONLYSLIME’s tidlegare verk Magic Leopard, Omaru.chan og Awake <3.
INFORMASJON TIL PUBLIKUM:
Det blir nytta strobelys og røyk i tillegg til at det er høg lyd i framsyninga.
Tilrådd frå 15 år.