Ho er i bakrus og vaknar opp på eit hotellrom i seng med ein ung, vakker mann. Ung, vakker - og død.

Ho hugsar ingenting og prøver fortvila å hugse kva som skjedde i går. Teoriane er mange, og han er ein god lyttar. Og tomflaskene blir fleire og fleire, sjølv om ho vanlegvis ikkje drikk.

Astrid Saalbach har skapt ei komisk og absurd setting, men forsøker å ta opp eit gjenkjenneleg tema: Kor lenge skal du klamre deg til det du hadde?

MED
Janna Kari Kvinnesland
Motiejus Kurmis.

Finn ut meir