Terningkast fem

Paul Ottar Haga er et stormvær på scenen.

Trønder-Avisa

Eit intenst, velspela, og forsiktig dramatisert forteljarteater som yter Olav Duuns historie og hans unike menneskelege innsikt full rettvise.

Klassekampen

- Ingen skildrar alle sider ved livet som Olav Duun.

På Tvert er basert på ein av Olav Duuns første romanar, og handlar om å finne styrke og aldri gi opp, finne sin plass og overleve, i opposisjon til alt og alle.
Vi følger Danel, ein ung mann som trassar både handikap og bygdedyr, og lykkast med å skape si eiga framtid. Men som vellykka og framstormande forretningsmann ber Danel heile tida på eit inderleg ønske om å lykkast også med den vanskelege kjærleiken.

Respektert og nobelprisnominert

I samtida blei Olav Duun møtt med stor respekt både i Noreg og internasjonalt. Frå 1924 til 1939 var han kandidat til Nobelprisen i litteratur nesten kvart år.
Historia om Danel blir fortald i ein ekspressiv og direkte forteljarstil, i samspel med Asgeir Skroves musikk.
Framsyninga er eit gjestespel frå Turnéteatret i Trøndelag.

Introduksjon før framsyninga

ved Grethe Fatima Syéd

DATO: 31. OKTOBER KL. 20.00, 1. NOVEMBER KL. 18.30.

Olav Duun – folkekjær eller gløymd? Få skildrar livet så treffande som Olav Duun. Han er ein sylskarp observatør av det skrøpelege og store i livet. Han er nominert til Nobels litteraturpris ei rekke gonger og er ein bauta i norsk litteratur. Likevel er det mange som avskriv han som utdatert. Kva kjem det av? Litteraturvitar Grethe Fatima Syéd har skrive boka Olav Duun. Kunsten, døden og kjærlighetens dikter. Høyr ho samtale med skodespelarane Paul-Ottar Haga og Evy Kasseth Røsten på Scene 3 før framsyninga.

Finn ut meir