Velkommen til ein festkveld i Bikuben på Det Norske Teatret!

Nokre av Noregs dyktigaste songarar og husets formidable musikarar ønskjer å hylle ei rekke norske artistar med eit djupdykk i norsk musikkhistorie gjennom fleire tiår. Dette blir ein nostalgisk festkveld med kjente slagarar og skjulte skattar, framført med mykje kjærleik, humor og varme.