Nokon kjem til å kome
av Jon Fosse
Han og Ho som flyttar til eit gammalt hus ved havet for å vere aleine saman. Men den tosame einsemda blir uroa av Mannen som tidlegare eigde huset.
Ho og Han har spontant kjøpt seg eit hus ut mot havet, der dei vil vere åleine med kjærleiken sin, 'åleine saman'. Men er denne draumen mogleg? Kan ein isolere seg frå verda, er tosemda eit reelt alternativ? Huset har ei historie, nokon har budd der før. Snart dukkar mannen som selde det opp, og med han kjem det ei spenning mellom dei. Han forstyrrar forholdet og set heile prosjektet deira på prøve. Det er forskyvingane i det knappe språket og stemningsskifta dei fører med seg som skaper dramatikken i dette tette trekantdramaet. Eit verdsberømt stykke, der det mytologiske kjærleiksprosjektet og folkekomedien er uskiljande naboar.
Nokon kjem til å kome var det første dramatiske verket Jon Fosse skreiv. Det var ferdig i 1992, men likevel skulle det gå nokre år før det blei oppførd. Stykket fekk urpremiere på Det Norske Teatret i 1996. Teatersjef Otto Homlung hadde regien på det som skulle innleie eit tett samarbeid mellom Det Norske Teatret og dramatikaren Fosse. Produksjonen var den tredje oppsetjinga av eit Fossestykke, etter Og aldri skal vi skiljast (DNS i 1994) og Namnet (DNS i 1995), begge i regi av Kai Johnsen. Johnsen er den som har fått mykje av æra for å ha «oppdaga» dramatikaren i Fosse, og han har regissert urpremieren på 12 av stykka hans, tre av dei på DNT. Med Nokon kjem til å kome returnerer Johnsen til opphavsstaden for det omfattande samarbeidet.
Someone is Going to Come
He and She have spontaneously bought themselves a house by the sea where they want to be alone with their love, ‘alone in themselves’. But is this dream possible? Can we isolate ourselves from the world? Is being a couple alone a real alternative? The house has a history, someone has lived there before. Shortly afterwards the man who sold the house turns up and his arrival causes tension to build up between the couple. He disturbs their relationship and puts their whole project to the test. The drama in this close-knit trilateral drama is created by the shifts in their terse language and their changes in mood. This is an internationally acclaimed play, where the mythological love story and melodrama are inextricably linked.
Someone is Going to Come was the first of Jon Fosse’s dramatic works. It was completed in 1992, although it took several years before it was performed. The play was premiered at the Norwegian Theatre in 1996. It was directed by Theatre Manager Otto Homlung and marked the start of what would become a close relationship between the Norwegian Theatre and Fosse. It was the third production of a Fosse play, after And We’ll Never be Parted (The National Stage, Bergen (DNS) in 1994) and The Name (DNS in 1995), both directed by Kai Johnsen. Johnson received much of the honour for having “discovered” the dramatist in Fosse, and he has directed the premieres of 12 of his plays, three of which were performed and the Norwegian Theatre. With Somone is Going to Come, Johnsen will be returning to the origins of this extensive collaborative venture.