Terningkast fem

«Gnistrende troverdig kammerspill fra Trøndelag Teaters
nestorer på teatrets største scene.»

«Lars Noréns “hotelltrilogi” er ei gåve til alle som er glad i engasjerande teater.»

«En storartat lågmäld Norén»

Når hjartet ikkje kan sukke og auget ikkje kan gråte, kven skal redde deg da? Kva skjer når dine aller næraste ikkje er der?

I ei bygd, langt utanfor allfarveg, driv ein familie på fire eit lite hotell. Ein skrantande økonomi gjer det vanskeleg å få endene til å møtast, og nokon må ta tak. Men kven skal gjere det? Og kva skal dei i så fall gjere? Kvar og ein kjempar familiemedlemmane ein personleg kamp, mens krisa er prekær og nerverande. Under vanskelege og mørke omstende er det likevel mogleg å nærme seg kvarandre.

Lars Noréns Hotelltrilogi består av Natta er dagens mor, Kaos er granne med Gud og Stilla. Samla viser trilogien den svenske dramatikaren på sitt ypparste. Med eit sylskarpt portrett av ein familie sine opp- og nedturar, og med nerve og sans for mørk sårbarheit, har Norén skrive dei tre tekstane med utgangspunkt i eige liv og historiar fra barndommen.

Dette er første gongen det blir gjort ei samanveving av trilogien. Fordi dramaa i sum lagar ei samanhengande historie, er det naturleg å vise dei kronologisk. Det er eit ambisiøst prosjekt. Noko tekst er blitt stroke, men motivet er alltid å sitte igjen med essensen i stoffet. Stilla ble for eksempel skrive etter at Norén såg ei oppsetjing av Natta er dagens mor. Han syntest at han hadde framstilt faren sin unyansert og ønska å gi eit mer fleirstemt bilde av han. Det er interessant å sjå dramatikarens personlege utvikling gjenspegle seg på scenen.

Det er regissør og tidlegare teatersjef, Eirik Stubø, som set Lars Noréns intrikate univers i scene. Stubø og Norén var gode venner og kollegaer heilt til Norén gjekk bort i 2021. Stubø har jobba med Noréns tekstar i over 20 år.


INFORMASJON TIL PUBLIKUM
Det blir nytta scenerøyk og urtesigarettar i framsyninga.

David Paal Herman Ims Elin Janne Kokkin Georg Jo Saberniak Martin Trond-Ove Skrødal

Omarbeiding av manus Eirik Stubø og Cecilia Ölveczky Omsetjing Arne Lygre Regi Eirik Stubø Scenografi og kostyme Erlend Birkeland Lysdesign Eivind Myren Videodesign Boya Bøckman Dramaturg Kristoffer Spender Maskeansvarleg Ingeborg Hopshaug Kostymeansvarleg Kjersti Eckhoff

Kjøp billett

Vel speledato for Natten. Kaos. Stillheten.