Kva skjuler seg bak røyken frå fjellet? Kva skjuler seg bak røyken frå fjellet?
med Mini Masahat
Kjøp billettDette er ei visuell og fantasifull dokketeaterframsyning for barn frå 5 år, og for heile familien. Framsyninga blir framført utelukkande på arabisk og kombinerer levande skodespel, dokker, visuelle element og lyddesign for å skape ei engasjerende oppleving.
I ein liten landsby som lever i skyggen av eit mystisk fjell, stig ei tett røyksky opp kvar morgon. Ingen veit kor den kjem ifrå.
Rykte og frykt pregar livet til menneska, og alle unngår å nærme seg fjellet – eller til og med å snakke om det. Inntil Hassan, ein skarp og sta gut, bestemmer seg for å bryte sirkelen av frykt og finne sanninga på eiga hand.
Reisa hans gjennom skogen, dei overraskande møta og dei humoristiske, men også spenningsfylte augeblikka, reiser viktige spørsmål:
Kva er frykt? Kvifor trur vi på historiar vi aldri har sett sjølve? Og kva skjer med «monsteret» når vi tør å sjå det rett i auga?
SPRÅK Arabisk
ماذا يختبئ خلف دخان الجبل؟
إليك الترجمة إلى العربية:
هذا عرض مسرح دمى بصري وخيالي للأطفال من عمر 5 سنوات فما فوق، ولجميع أفراد العائلة. يُقدَّم العرض بالكامل باللغة العربية، ويجمع بين التمثيل الحيّ والدمى والعناصر البصرية وتصميم الصوت لخلق تجربة مشوّقة.
في قرية صغيرة تعيش في ظلّ جبل غامض، ترتفع سحابة كثيفة من الدخان كل صباح. لا أحد يعرف من أين تأتي.
تطغى الشائعات والخوف على حياة الناس، ويتجنّب الجميع الاقتراب من الجبل — بل وحتى الحديث عنه. إلى أن يقرّر حسن، وهو فتى ذكي وعنيد، كسر دائرة الخوف والبحث عن الحقيقة بنفسه.
رحلته عبر الغابة، واللقاءات المفاجئة، واللحظات الطريفة والمليئة بالتشويق في آنٍ واحد، تطرح أسئلة مهمة:
ما هو الخوف؟ لماذا نصدّق قصصًا لم نرها بأعيننا؟ وماذا يحدث لـ«الوحش» عندما نجرؤ على النظر إليه مباشرة في عينيه؟
Framsyninga er eit gjestespel frå Masahat, foreininga for å formidle kultur, kunst, historier og kunnskap fra Midtausten og Nord-Afrika, med eit spesielt fokus på den arabiske verda.
Manus Motaz Doghie Regi og medverkande Mustafa Al Darwish Figurar Reem Al-Maghout Visuelt konsept og plakat Ibrahim Tahhan
Kjøp billett
Vel speledato for Kva skjuler seg bak røyken frå fjellet?
-
Ledige billettar