Terningkast fem

«Dette kan rett og slett bli en kultforestilling. Regissør Lisa Lie tar publikum med på en fruktbarhetsfestival du aldri har sett maken til»

«Ingen skal beskylde Lie for å velge seg lettbent materiale til forestillingene sine. Men ustyrtelig morsomt er det likevel, uten at det blir flåsete»

«Mare er nok et bevis på at Lisa Lie er en av Norges aller beste scenekunstnere»

Klassekampen

Mare av Lisa Lie blei kåra til den store kultklassikaren da framsyninga hadde urpremiere på Scene 2 i 2019, og vann også den nasjonale Ibsenprisen året etter.

Mare

Det finst teoriar om at morskjærleiken er den opphavlege forma for kjærleik og at alle andre former, som romantisk kjærleik, er mutasjonar av denne. Nyare forsking tyder på at denne kjærleiken slår inn og endrar hjernen til kven som helst som får og tar ansvaret for eit lite barn over tid.

Men kva får eit menneske til å hoppe frå balkongen og ta med seg barna sine? Anna enn verdas vondskap? At mørkeret har trengt seg inn i dei? Jorda er som ei stor mor som er lei oss.

Mare er ein tragedie, eit mysterium, ein folkeleg festival i mytologisk landskap. I dette universet vil du møte mange karakterar frå samtid, historie og myte. Ein av desse er den greske myten om Medea. Regissør Lisa Lie har i lag med dei kunstnarleg medverkande og ensemblet skapt eit scenisk verk i spenningsfeltet mellom ei lys handling og ein mørk tekst. Med utgangspunkt i mytar, mellom anna frå antikken, blandar dei historie og samtid med eit urtidsteater som stammar frå dionysiske landlege rituelle festivalar.

Vinnar av Ibsenprisen 2020 for Beste scenetekst.

Finn ut meir