«Vi ble bergtatt, lille Una ble helt rolig og trollbundet under joiken. Takk!»

Publikumar

«For en nydelig forestilling. Vakkert. Me kosa oss så!»

Publikumar

«Tusen takk for en flott forestilling. Den er laget med respekt for barn og deres sanselige væremåte. Alle barna ble bergtatt og det var en stor kunstopplevelse for oss, både små og store.»

Barnehage

Gjennom joik, lyd, rørsler og leik tek Mago med dei minste med foreldrer på ei reise til eit fascinerande og mytisk landskap, der opplevinga står i sentrum.

Framsyninga er inspirert av historia om MAGO – ein gamal myte om korleis verda blei til frå Nord-Korea. MAGO er ei eldstemor, kjempen, gudinna som lyttar til kosmisk musikk og skapar verdas mange fjell, skogar, elvar og innsjøar.

I vår tid har vi forskjellige vitskaplege teoriar om korleis verda blei til. Men sjølv med denne kunnskapen synest vi det er eit mysterium. Vi treng poesi, bilde, musikk og dans for å beskrive, fantasere om og feire mysteriet. Vi treng å gjenskape skapingas mysterium! På scenen møter barna den koreanske dansaren Mijeong Yoon og Byeol Kang som saman med komponist og musikar Torgeir Vassvik vekker myten til live gjennom dans, joik og musikk.
Etter framsyninga kan barna danse med utøvarane og leike i scenografien.

Passar for barn 0-3 år.

Utøvar og musikalsk komposisjon
Torgeir Vassvik Utøvar Mijeong Yoon/Byeol Kang Ide, konsept, regi og kostymedesign Christina Lindgren Koreograf Hyun Kim Korografiassistent Ka Hyun Kim Scenograf Yun Kyung Bae/ Huasis Kostymedesign Ramona Irene Myrseth Kostymedesign og produksjon Sally Page Turner Kostymeproduksjon Sunwoo Chun Lydlandskap tilkomstområde Sujin Lee Grafisk designar Design Eight Video Production GROOJAM

Framsyninga er eit samarbeid mellom koreanske Babyart og norske Babyopera i co-produksjon med Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš. Dette samarbeidet er eit resultat av Korea-Nordic Connnection som oppstod under Showbox i 2017, og er eit samarbeid og utvekslingsprogram som forbind koreanske og nordiske scenekunstnarar som arbeider med det yngste publikumet. Målet er å bygge eit solid grunnlag for langsiktig kunstnarleg samarbeid, utveksling og nettverk mellom landa. Det er den første i sitt slag med dette geografiske omfanget som fokuserer utelukkande på scenekunst for dei yngste. Den norske partnaren er PAHN (Performing Arts Hub Norway), og den koreanske er KAMS (Korean Arts Management Service) og ASSITEJ Korea.

Produksjonen er støtta av: Kulturrådet, PAHN (Performing Arts Hub Norway, Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš, Samii National Theater Beaivvas, Sami Arts Council, Ministry of Culture, Sports and Tourism of Korea, KAMS (Korean Arts Management Service), Seoul Metropolitan Government, Huasis.