Ei rørande og humoristisk framsyning som tek deg med på ei reise gjennom livets opp- og nedturar.

Møt Lilli, ei sterk og sjarmerande dame, som navigerer gjennom livets utfordringar med mot, visdom og ein god dose humor. Historia hennar er både unik og universell, og treff midt i hjartet. Lilli står midtvegs i livet, og tek eit oppgjer med livet så langt. For første gong på lenge torer ho å vere ærleg med seg sjølv, og alle ho bryr seg om. Ein type ærlegdom (og kjærleik) som verkar frigjerande, slik at ho finn tilbake til den ho har sakna mest; seg sjølv.

«Lilli Valentin», den middelaldrande kvinna frå Grenland, kjenner seg fanga i eit monotont liv. Ho snakkar med kjøkkenveggen og drøymer om fridom og eventyr. Når moglegheita til å reise til Hellas dukkar opp, grip ho sjansen og legg ut på ei reise som forandrar livet hennar for alltid. Vil ho finne tilbake til den ho ein gong var, eller er det for seint å begynne på nytt?

Med ei eineståande blanding av komedie og drama, vil denne framsyninga forhåpentleg få deg til å le høgt, gråte litt og tenkje mykje.

Omsetjing Lena Barth Aarstad Med Lena Barth Aarstad Regi Arvid Ones Scenografi Nora Furuholmen Maskør Hege Ramstad Lysdesign Anders Busch Inspisent Kristin Eide Lydteknikar David Myrvold og Sigbjørn Rell Dramaturg Åste Marie Bjerke Framsyningsfoto Dag Jenssen

Kjøp billett

Vel speledato for Lilli Valentin