Alle menneske har to grunnleggjande ting felles: vi blir alle fødde, og vi skal alle døy. Midt i mellom dei to punkta spelar livet seg ut, og det er nettopp dét store rommet Julie Støp Husby synest er så abnormt skummelt.

Ho er kanskje unaturlig redd for det meste, i alle fall for det dei fleste menneske tilsynelatande finn heilt naturleg. Eller er vi alle eigentleg like redde?

I konsertframsyninga Lev sjølv – Ein guide til livet med Joni Mitchell og Jan Eggum, prøver skodespelar og songar Julie Støp Husby med humor, alvor og sjølvutlevering å nærme seg dei store spørsmåla i livet, ved hjelp av to av vår tids kanskje største visekunstnarar, Jan Eggum og Joni Mitchell. Kan desse gi oss nokre svar, og kva har dei til felles?

Lev sjølv hadde premiere på Oslo Nye Teaterkjelleren i mars 2017 og fekk så god mottaking at det blei spelt ekstraframsyningar i august same år. Sidan den gongen har framsyninga spelt på fleire scener i Oslo, gjesta Gamle Ormelet på Tjøme, Haugesund Teater, Nationaltheatret og seinast i 2022, Teatret Vårt i Molde. Julie Støp Husby har skrive manus og Simon Revholt har skeive dei musikalske arrangementa - der dei har flytt dei kjente låtane over i eit felles stilmessig landskap og gitt dei ny, musikalsk drakt. Bandet består, i tillegg til Revholt (piano), av Jo Fougner Skaansar (bass) og Morten Michelsen (blås).

«Alt er gratis*»

Framsyninga er del av «Alt er gratis*»-perioden på Scene 3 hausten 2023.
Gratisbillettar til framsyninga blir tilgjengeleg 7 dagar før speledato.