av David Bowie og Enda Walsh

Ei av David Bowies siste gåver til fansen. Basert på filmen The man who fell to earth, med 18 av dei finaste låtane til Bowie.

På same tid som David Bowie arbeidde med avskjedsalbumet sitt Blackstar, skreiv han saman med Enda Walsh musikalen som hadde premiere i New York knappe to månadar før popikonet gjekk bort. Med Lazarus trekker han ein musikalske boge frå Blackstar tilbake til den musikalske starten og den skakke science-fiction-filmen The man who fell to earth, der Bowie sjølv spelte hovudrolla i 1976.

Poetisk science fiction

Thomas Newton, ein utanomjordisk karakter, er sendt til jorda for å leite etter vatn til den uttørka planeten han kjem frå. I møte med det umenneskelege blant dei jordiske, knekk han saman. 40 år seinare er han framleis på jorda, dømt til evig liv og forsøker å drukne spøkelsa frå fortida i gin. Dette lykkast han ikkje med, og medan han lengtar etter forløysing, vekslar han mellom verkelegheita og sinnsforvirring. Det handlar om kjærleik og tap av kjærleik, om einsemd og om å kjenne seg framand. Lazarus er ein poetisk lengt etter døden - med følge av 18 sterke låtar frå Bowies rike katalog.

Meister i forvandling

Bowie var ein meister i forvandling, i fornying og i å skape karakterar som prega musikkscenen frå 60-talet fram til hans siste musikkvideo. Look up here, I’m in heaven, syng han profetisk frå sjukesenga, 3 dagar før han gjekk ut av tida. Han som formidla kunsten sin gjennom ulike figurar som Ziggy Stardust, Major Tom, Aladdin Sane og Thin White Duke, sørgde for at teateret fekk del i denne arven gjennom musikalen Lazarus.

Anders T. Andersen skal ha regien på Lazarus, som sidan premieren i november 2015 også har vore spelt i London og i ulike tyskspråklege byar. Med seg har han eit songsterkt ensemble på 8, og eit orkester på 7. Drage Kleiva og Olav Myrtvedt har ansvar for scenografi og kostymene.

Foto: Gavin Evans

Introduksjon før framsyninga

ved Finn Bjelke

DATO: Laurdag 30. november kl. 17.45, torsdag 5. desember kl. 19.45, søndag 8. desember kl. 15.15, torsdag 12. desember kl. 19.45, laurdag 14. desember kl. 17.45, torsdag 19. desember kl. 19.15, onsdag 8. januar kl. 19.45.

Finn Bjelkes forhold til David Bowie er kjenslestyrt og svært lite leksikalsk. Han er superfan! Når han no skal introdusere framsyninga Lazarus, blir det ein springande og usamanhengande Bowie-hommage basert på Bjelkes eigne opplevingar og betraktningar. Finn Bjelke er programleiar i Radio Vinyl og har i ei årrekke leia programmet Popquiz. Han har gitt ut fleire humor – og musikkquiz-bøker. Introduksjonen er i Bikuben før framsyninga.

ved Arvid Skancke-Knutsen

DATO: laurdag 1. februar kl. 17.45, torsdag 14. mai kl. 19.15, laurdag 16. mai kl. 17.15

Arvid Skancke-Knutsen er rockhistorikar og skriv fast for Klassekampen og Ballade. Han har også skrive fleire bøker om musikk, inkludert større tekstar om Leonard Cohen, Motorpsycho og Seigmen. På INNSIKT kan du mellom anna høyre Skancke-Knutsen snakke om Bowie som alien, og som den fremste skaparen av songar om romalderen. Introduksjonen er i Bikuben, er gratis og open for alle.

ved Audun Molde

DATO: Laurdag 11. januar kl. 17.45, søndag 12. januar kl. 15.15, onsdag 22. januar kl. 19.15

Audun Molde er musikkvitar, musikkformidlar og forfattar. Han har skrive fleire bøker om musikk, nyaste bok er POP. En historie, som utforskar historia til populærmusikken og musikkbransjen gjennom 200 år. Bokas siste kapittel har tittel frå Bowies song «Where are we now». På introduksjonen vil Molde, med inspirasjon frå songen «Sound and vision», snakke om korleis Bowie formidla sine visjonar ikkje berre i bilde, men også som lydkunstnar.

Omvising

Korleis blei Lazarus til? Kva gjer skodespelarane før framsyning? Korleis ser det ut bak scenen? Bli med på omvising å få innsyn i alle teater-hemmelegheitene! Les meir her.