Terningkast fem

Meningsfullt om valget mellom å vende ryggen til eller engasjere seg i menneskelig elendighet.

Kva var det nashornet såg, som han blei så lei seg for, at han døydde av det?

Vi er i ein ganske vanleg dyrehage. Her bur det mange eksotiske dyr som lever eit bedageleg liv bak gjerda. Men etter at eit nashorn døyr på mystisk vis, flyttar ein bjørn inn i dyrehagen. Bjørnen begynner å stille ubehagelege spørsmål: Kven er desse merkelege skapningane som bur på den andre sida av gjerdet?
Dei kjem med tog og er tynne som pinnar, stripete som sebraer, men dei går på to bein og luktar ikkje særleg godt. Sebra-vesena er meir døde enn levande. Slike skapningar har bjørnen aldri før sett. Og kvifor døydde eigentleg nashornet?

Det velorganiserte livet til murmeldyret, pappa Bavian og alle dei andre dyra i dyrehagen blir forstyrra av bjørnens påtrengande spørsmål. Når det mest forferdelege har blitt ein del av kvardagen, er grensene for kva vi toler flytta.

Med tida venner ein seg til alt, og da må det ein modig bjørn til for å ta grep. Stykket er ei oppmoding om sivilt mot og om å stå opp mot undertrykking. Andre si liding kjem også deg ved.

Finn ut meir