Kostymesal Kostymesal
Ny stil i brukte antrekk?
Kostyme frå Det Norske Teatret skal ut i monn!
Laurdag 20. juni kl. 11.00 - 15.00
Vi har rydda lager og stativ og heng ut ei mengd klede til glede for alle som er interesserte i vintage og gjenbruk. Her kan du komplettere garderoben med fuskepelsen frå diverse vinternetter, sommarkjolar og hattar som aldri har sett sola eller skreddarsaum frå nokre av landets dyktigaste syarar. Vi byr på snodige stilartar og trauste kvardagsklede, dyr, fantasifigurar, dressar med originale snitt, figursaum til eventyrkarakterar og mykje, mykje meir.
Her er det berre å setje av tida, kanskje er det nettopp du som spankulerer ut med eit plagg som tidlegare har hange på nokre av dei store stjernene i norsk teater. Eller som er henta rett ut av Frost, eit Arne Lygre-stykke eller ein musikalscene. Snakk om samtalestartar på sommarfesten i år!