«Språkvekslingen mellom flere språk tilfører forestillingen et lag med intensistet og uventede vendinger, og kaprer oppmerksomheten min gjennom hele verket»

Terningkast fem

«En sterk fortelling løftes fram med humor, selvinnsikt og drivende hip hop»

Ein personleg hiphop-monolog om å vere eit barn på flukt.

I ei monologframsyning krydra med eigne låtar, fortel Samir Madad om heimstaden sin i Afghanistan, om sollyset gjennom trea rundt gardsplassen og om den dramatiske reisa som varte i fleire år – som tok han til ein bitteliten tettstad på Nordvestlandet. Korte år, lange dager er ei forteljing om å bli invitert på si første julefeiring og om å få seg norske besteforeldrer. Om å oppdage hiphop, om å ønske seg bunad, om å bu i et kott på Helsfyr. Om ein pappa som forsvinn. Og om at Oslos gater like gjerne kunne vore fjellet.

I 2001 var Samir seks år gamal og flykta i lag med mamma, pappa og storebror frå Afghanistan. Flukta varte i to år. Sidan 2003 har Samir budd i Noreg, der han jobbar som ungdomsarbeidar, musikar og fotograf.

Men da pandemien banka på døra og verda stengte seg inne, pressa Afghanistan og reisa til Noreg seg framover i hjernebarken. Som vaksen, i stillheita av ein lockdown, tok han for aller første gong innover seg "kva denne kidden eigentleg har gått igjennom".

Regissør
Hedda Sandvig Med Samir Madad Musikk Samir Madad Scenograf og lysdesignar Agnethe Tellefsen Musikkonsulent Beatur Lydteknikar Anders Siegrist Oliver Inspisient Cici Henriksen Produsent Anja O. Kjærnli

Produsert av SPKRBOX Støtta av Kulturrådet, Scheiblers legat, Bergesenstiftelsen og Fritt Ord.

SPKRBOX er eit kunstnarkollektiv og kulturkræsj-hub som jobbar med kulturell klassekamp som sitt øvste mål. Dei set spørsmålsteikn ved kva for historier som får plass på dei store norske scenane i dag, kven som får fortelje historiene, frå kva perspektiv blir dei fortalde og ikkje minst for kva publikum. I tillegg til å arrangere festival annankvart år, samt ha kurs, arrangement og barne- og ungdomsaktivitetar, produserar SPKRBOX også eigne framsyningar som Blokk til Blokk, Isbilen, Superkid og BEST. I 2024 markerer SPKRBOX 10 år med fleire framsyningar og arrangementa gjennom heile året: - Og vi håpar du vil feire med oss! Velkommen!