inneholder et av de fineste og mest absurde teaterøyeblikkene jeg har sett på lenge

en sanselig, utslettende og blodig affære

Korleis påverkar det sjølvbildet å bli gamal? Å bli utfordra på autoritet kan vere vanskeleg, å bli sett til side som følgje av alder kan vere uuthaldeleg.

Den aldrande Lear ønskjer å trekke seg tilbake. Samtidig vil han halde på makta. Han vil overlate ansvaret og alt han eig til dei tre døtrene sine. For å få sin del av arven må døtrene berre fortelje faren kor høgt dei elskar han. Dei to eldste smigrar faren for å vinne gunst. Cordelia, den yngste og farens yndling, er ærleg og vil ikkje rose far sin for å oppnå fordelar. Straffa er at ho blir nekta arv.

Overføringa av makt fører også til andre problem. Lear klarer ikkje å sjå at han ikkje lenger er i stand til å ta hand om riket sitt, endå mindre seg sjølv. Han er allereie redusert, sinnet hans sviktar og han bryt saman utan å innsjå det.

Lear blir referert til som «old», eller «the foolish». Identiteten som «gamal» eller «den tøvete» er noko Lear ikkje er heilt komfortabel med. Korleis påverkar det sjølvbildet vårt når vi av omverda blir reduserte til ein alder? Kva skjer når både kroppen og sinnet blir merkt av aldring?

Regissør Tatu Hämäläinen ønskjer i denne versjonen av Lear å ta for seg aldring og ser stykket som eit bilde på det å bli gamal og kva for følgjer det kan få. Vi må alle ein gong forlate riket vårt, arbeidet vårt, posisjonen vår og historia vår for å bli noko anna. Lear ønskjer seg jo det mange blivande pensjonistar vil ha når dei forlet arbeidslivet: inkje ansvar, nyte livet. Frykta for å bli prisgitt andre pregar Lears avgjerder. Han føler seg forrådt av verda når han ikkje får det som han vil. Å bli utfordra på autoritet kan vere vanskeleg, å bli sett til side som følgje av alder kan vere uuthaldeleg.

NB! Det blir brukt strobelys under framsyninga.

Finn ut meir