«original, nytenkt og musikalsk krevende»

Terningkast fem

«Resultatet er annerledes og underholdende, vakkert og mer enn litt eksentrisk»

Dagbladet

I høve nasjonaldagen inviterer vi publikum til eit kjærkome gjensyn med Herborg Kråkevik si eiga hylling til fedrelandet. Framsyninga blei til same året Kråkevik flytta heim til gamlelandet, og her står ho fram som dansk ”kikkar” på det norske.

For det er oss det handlar om, både verbalt og musikalsk. Noreg sett utanfrå, Norge i hjarta, Noreg til å spy av og Noreg til å le av.

Herborg har reist gjennom dette eineståande landet vårt i snart 30 år som artist. Ho har reist og sett, blitt lei av det og lengta seg sjuk etter det. I Kjære landsmenn! får alle desse motstridande kjenslene fritt spelerom i ukontrollerte utfall og såre, inderlege songar. Musikalsk leiar Kjetil Bjerkestrand syter for at songbok-syngjande Kråkevik får elektronisk motstand, og saman har dei leita seg fram til dei nye-norske lydane; oljefat, båtmotorar, turbinar - og heldigvis framleis fossedur...

Her er det lov å le av norske dialektar, norske særingar og av Herborg, eller falle i stavar over norske klassikarar slik du aldri har høyrt dei før.

Gratulerer med dagen!

Finn ut meir