Velkommen til vising av filmen Kjærast, skriven av Jon Fosse, regissert av Erik Poppe.
Asle og Gerd møtest i ein liten kystby lengst vest mot havet. Dei får ein son, og for ei tid er lykka fullkommen. Men Asle, sjømannen, er rastlaus og blir dregen mot havet, medan Gerd blir att i bygda, aleine med barnet. Avstanden mellom dei veks, og spørsmålet blir stilt: kor mykje avstand toler kjærleiken?
Dette er den første filmen med manus av nobelprisvinnaren i litteratur, Jon Fosse. Filmregissør Erik poppe er mellom Noregs mest kjende og prisløna filmskaparar, og har mellom anna stått bak storfilmar som Kongens nei, Utøya 22. juli og Quislings siste dager.
Filmen har Noregspremiere på kino 18. september.
INFORMASJON TIL PUBLIKUM
Aldersgrense 9 år.
Med Leo Magnus de la Nuez, Kristi-Helene Giæver Engeberg, Audun Gallefoss, Jørgen Hausberg Nilsen, Arnhild Litleré, Njål Lambrechts, Lucas Krakereid Løken, Stein Torleif Bjella, Anne Wiig, Marianne Nielsen, Nicolai Olsen, Daniel Rognes, Andri Szarvas, Torgrim Namdal, Gabriel Gallefos Produsert av Finn Gjerdrum, Njål Lambrechts
Arrangementet er eit samarbeid mellom Det Norske Teatret, Samlaget, Paradox og Oslo Pix Filmfestival.
Innsikt
Etter filmen stiller filmregissør Erik Poppe og journalist og Fosse sin forleggar, Cecilie N. Seiness, til samtale.
