Nominert til Heddaprisen for Beste barneframsyning

«Vakkert, modig, sant og poetisk.»

«Det er vidunderlig hvordan de gjennom Karons sandkasse lar barn vise vei i hvordan man kan nærme seg både smerten og gleden, og vise at det går an å være i både sorg og fryd samtidig»

Karons sandkasse er ei heilt spesiell historie skriven i samarbeid med to barn som har mista eit søsken. Framsyninga er ei livsgnistrande hylling til barns evne til leik og fantasi i møte med det aller vanskelegaste.

«Kjære Lille. Når du døyr kjem du først til Nord-Noreg, så tek du ein ring på handa, så blir du til jord, eller først ein rundballe, og så trillar du ned snøbakken og blir til ein engel eller eit piano eller kanskje ein liten gud. Helsing Maja.»

Maja og Lille er søstrer. Dei kranglar, tøyser og leikar som søstrer flest. I sandkassa bak huset har dei eit heilt univers; der skal dei bygge eit kjempestort slott til Tussimussane. Ein dag blir Lille så svak at ho ikkje klarar å løfte spaden. Ho blir så svak at ho ikkje klarar nokon ting. Lille har nemleg ein sjukdom, og Maja får vite at søstera ikkje kan bli frisk. Maja synest det er vanskeleg å leike aleine, men når Lille må på sjukehus dukkar den gåtefulle Karon opp i sandkassa. Han snur opp ned på leiken, livet og det Maja er mest redd for i heile verda, nemleg døden.

Passar frå 5 år.


Med Sunniva Du Mond Nordal, Julie Bjørnebye, John Nyutstumo, Anne Guri Tvedt, Sofie Huijs, Stian Isaksen og Tom Styve.

Finn ut meir