Ein tøysargut har funne vegen til Det Norske Teatret – med ei framsyning. Kva han eigentleg skal gjere der, veit han ikkje heilt – men han har eit stort ønskje om å lage noko vakkert.

Kanskje framsyninga leikar med fordommar om det høgtidlege teatret og det barnlege klovneriet. Kanskje ho inviterer publikum med på ei ferd der det høge og det låge, det ekte og det tullete får røre ved kvarandre…
Eller kanskje det berre ender i rør.

Ein tøysargut veit ikkje korleis det skal gå – men han vil gjerne vere der når det skjer.