
Queendom! Integrert som faen 20 år etter Queendom! Integrert som faen 20 år etter
av og med Queendom
Kjøp billettBlack History Month Norway, Black Future Month og Det Norske Teatret inviterer til ei eksklusiv gjenforeining: Queendom møtest igjen til ein kunstnarprat 20 år etter premieren på framsyninga «Integrert som faen!».
Framsyninga sette fyr på debatten om norskdom, identitet og integrering i 2005. Med slam, satire, musikk og humor skreiv Queendom seg inn i norsk scenekunsthistorie – og provoserte, begeistra og skaka eit større publikum.
Denne kvelden vil dronningane og inviterte gjestar sjå på kva «Integrert som faen» har å seie oss i dag. Har noko endra seg? Kor står scenekunsten for melaninrike kunstnarar no? Og treng minoritetar framleis eigne rom for å skape fritt?
Det blir samtale, musikk, gjestar – og ein festaftan du ikkje vil gå glipp av.
Kom, le, lær – og feir 20 år saman med Queendom!
For ung til å ha høyrt om Queendom?
Queendom blei stifta i 1999 og etablerte seg same år i norsk scenekunst med framsyninga «Queendom on the rocks» - verda sett gjennom auga til fem svarte kvinner. Artistkollektivet står bak ei rad framsyningar, plateutgjevingar og turnear rundt i Noreg med konsertar og framsyningar for ungdom og vaksne. Sist Queendom gjesta Det Norske Teatret, var i 2013.
Arrangementet er eit samarbeid mellom BLACK HISTORY MONTH, BLACK FUTURE MONTH og Det Norske Teatret. Støtta av Balansekunst, Kulturrådet og Oslo kommune.
Temporært bibliotek
BLACK FUTURE MONTH er eit program sett saman av eit temporært bibliotek i samarbeid med Assata, ei utstilling av Lydia Solomon, arrangementet om Queendom og ein tekst-invitasjon; Open call. BLACK FUTURE MONTH er eit initiativ skapt av Linda Gathu og Mohamed Mohamed i samband med framsyninga SUKKER som har premiere 10. oktober på Scene 2 på Det Norske Teatret. Linda Gathu har skrive manus og står for regi.
Foto: June Witzøe. Design: Nikolai C. Perminow