Shokat og Pinar skal på date, men så dukkar eksen til Pinar tilfeldigvis opp...

Ein mann frå Bærum, ei dame frå Tøyen og ein ung mann med innvandrarbakgrunn møtest uplanlagt ein helt vanleg kveld. Alle korta som låg under bordet, kjem fram– og liva deira blir aldri det same igjen.

Hol
tek utgangspunkt i ei sann historie – men blir fortald i eit fiktivt univers.

Hol
er eit heilt nyskrive drama, eit psykologisk kammerspel mellom tre menneske. Shokat og Pinar er eit par og skal på date, men så dukkar eksen til Pinar tilfeldigvis opp. Det viser seg at det ikkje er så tilfeldig. Agendaen hans blir avslørt, og heile livet deira blir snudd opp ned – for alltid…

Med Shokat Harjo, Kyrre Hellum, Pinar Ciftci Kunstnarleg vegleiar Marie Blokhus Regissør Shokat Harjo Manus og ide Shokat Harjo, Pinar Ciftci Manusvegleiar Harry Guttormsen Komponist Simon M. Valentine Produsent Honning Film i samarbeid med Det Norske Teatret

Pinar Ciftci er utdanna skodespelar frå Nord Universitet. Ho er fødd og oppvaksen i Oslo Aust og har kurdiske røter. Ho er også aktuell med filmen I Walked Alone og jobbar som manusforfattar i Honning Film.

Shokat Harjo
er utdanna skodespelar, og grunnleggjar av Honning Film, der han både er skodespelar, regissør og manusforfattar. Han flykta til Noreg frå Syria i desember 2015, og debuterte på Det Norske Teatret i framsyninga I desse dagar i 2022 og i spelefilmen Gritt i 2021. Han er også aktuell med filmane Siste Stopp og I Walked Alone, og Netflix-serien Lakseøya.

«Alt er gratis*

Framsyninga er del av «Alt er gratis*»-perioden på Scene 3 hausten 2023.
Gratisbillettar til framsyninga blir tilgjengeleg kl. 08.00 7 dagar før speledato.
Det er avgrensa tal på plassar, og stor rift om billettane!