Trenger du påfyll av kjærlighet i høstmørket, er ikke Heisenberg et dårlig sted å begynne.

Terningkast fem

Lysende skuespill og mørk materie

Dagsavisen

...fenomenale skuespillerprestasjoner fra Blokhus og Floberg

Klassekampen

Kva fører to menneske saman?

Ei yngre kvinne kysser utan vidare ein eldre mann i nakken på ein jernbanestasjon. Dei kjenner ikkje kvarandre. Georgie, som ho heiter, er sekretær på ein skole. Ho seier alltid det ho tenker, sjølv når ho lyg. Ho forandrar meining midt i ei setning. Ho er uhøvla, bannar så det lyser og slit med å sove om nettene. Alex, den eldre mannen, er ein pertentleg einstøing med vanestyrt liv. Han har sin eigen slaktarbutikk, men manglar kundar. Og han har sin eigen sære stil.

Kor open skal ein vere om seg sjølv, når ein aldri veit kor opent det andre mennesket er? Ingen av dei speler med heilt opne kort, og begge treng dei kvarandre av ulike grunnar. Det usannsynlege møtet deira utviklar seg etter kvart til eit like usannsynleg forhold.

Floberg og Blokhus har skapt to ensomme og sårbare skikkelser som vi heier på

Finn ut meir