Eit teaterstykke for barn om dei små, store og siste spørsmåla i livet.

Jette har akkurat fylt ti år. For eitt år sidan mista ho veslebroren sin, Emil som døydde av kreft. Emil var sjuk i fleire år, og dette prega familien sterkt. Jette har vore tøff og er blitt ei sjølvstendig jente, men ho har også ofte kjent seg åleine i denne tida. Dette har fått henne til å sjå verda på ein eigen og leiken måte midt i alvoret. Det siste året har ho levd med sorg. Ikkje berre eiga sorg, men også foreldra si sorg. Mora tok tapet tungt, og har hatt lite tid til Jette. No, eitt år etter, når ting er kome litt på avstand, er Jette åleine på kyrkjegarden. Kva har skjedd? Ho går gjennom alle spørsmåla, også dei som det ikkje finst svar på. Døden kan ein ikkje gripe, men vi må likevel prøve å forstå han på eitt eller anna vis. Jette fabulerer i leik og alvor, og har heldigvis mykje av barnleg klokskap som er til god hjelp no.

Passar frå 9 år.

Fiskar, søv dei? er ei av to avgangsframsyningar etter fullført Bachelor ved Det Multinorske på Det Norske Teatret/Nord Universitet.

Finn ut meir