Da Bjørn Eidsvåg vaks opp i Sauda, var Jesus den store helten. Han var god, snill og rettferdig. Ein superhelt tøffare enn Tarzan!

Vesle Bjørn var sikker på at Jesus alltid ville passe på han. Men i ungdomstida blei Jesus mykje strengare. Ikkje likte han langt hår, ikkje rytmisk musikk og heller ikkje at kvinner blei prestar. I studietida endra Jesus seg ytterlegare, og Bjørn Eidsvåg kunne konstatere at Jesus var annleis i Oslo enn på heimplassen. Her var han ein slags kul hippietype som forkynte peace and love. Seinare blei han presentert for ein sosialistisk Jesus og ein som inspirerte folk til å gjere godt, som ein Gandhi eller Nelson Mandela.

Men òg ein som inspirerte dei som grunnla Ku Klux Klan. Jesus var i sanning allsidig. Og han endra seg frå stad til stad og med tida. Bjørn Eidsvåg har med framsyninga Etterlyst: Jesus prøvd å finne ut kven Jesus eigentleg er. Er det mogleg å finne ut? Og kva er det ved denne figuren som gjer at han påverkar oss menneske så sterkt?

Saman med Svein Tindberg og det faste bandet sitt vil Bjørn Eidsvåg prøve å finne ut om vi treng ein Jesus i dag. I så fall, kva for ein Jesus? Med både nytt og gammalt songmateriale, mykje humor og tidvis i god bedehusstil vil dei leite i kulturhistoria – og i eiga oppveksthistorie – for å teikne eit bilde av den Jesus som både dei og kanskje publikum ønskjer seg i dag.

Innsikt før framsyninga

ved Olaf Aagedal

Dato: 6. og 7. februar kl. 19.15 og 6. mars kl. 19.15.

Bjørn Eidsvåg vaks opp i bedehuskulturen i Sauda, med flanellograf, basar og store kaffikjelar kombinert med allsong og forkynning. I mange lokalsamfunn er nettopp bedehuset samlingspunktet for befolkninga. Olaf Aagedal er sosiolog og har forska på bedehuskulturen. Høyr han introdusere Etterlyst: Jesus i Bikuben før framsyninga.

ved Petter Skippervold

Dato: 17. februar kl. 17.15 og 7. mars kl. 19.15

Jesus er ikkje norsk. Det er meir enn 2000 år sidan han levde. Likevel dukkar han stadig opp i norsk offentlegheit, der han skaper debatt. No er det artisten Bjørn Eidsvåg som lagar Jesus-overskrifter. Korleis kom Jesus hit, frå Palestina til det kalde nord? Korleis har Jesus prega vår kultur, og kva tenkjer vi om Jesus i dag? Universitetsstipendiat og forlagsredaktør Petter Skippervold har skrive ei rekke artiklar og kronikkar, og gitt ut bøker som Fenomenet Bibelen og Bibelen i populærkulturen. Han gir ei innleiing til Etterlyst: Jesus i Bikuben før framsyninga.

Bjørn Eidsvåg og Frank Kjosås i teaterpodden

Ein samtale om religion, underlege teateropplevingar og aktuelle framsyningar!

- Eg treng ikkje Jesus, men eg likar det han står for veldig godt.

– Jeg gjør opp en slags status, hvilket forhold jeg har til Jesus, hvilket forhold jeg har til religion. Religion er liksom ikke det hippeste for tida.

- Min Jesus er ein fyr eg har lese meg til og trudd meg til.

Tekst mangler

Tekst mangler

Finn ut meir