2014 dukka det opp bilete av ei ung, militært kledd kurdisk jente i sosiale media. Ho heitte Rehana og var jusstudent. Biletteksten fortalde at jenta skulle ha drepe over 100 IS-soldatar, i dei harde kampane den kurdiske motstandsbevegelsen (YPG) utkjempa for fridom i grensebyen Kobane.

2014 dukka det opp bilete av ei ung, militært kledd kurdisk jente i sosiale media. Ho heitte Rehana og var jusstudent. Biletteksten fortalde at jenta skulle ha drepe over 100 IS-soldatar, i dei harde kampane den kurdiske motstandsbevegelsen (YPG) utkjempa for fridom i grensebyen Kobane. Biletet av Rehana blei delt fleire tusen gonger, og ho fekk tilnamnet «Angel of Kobane».

Historia om Rehana er ei fiksjonsforteljing, basert på ein myte. Men alt som skjer i historia, har skjedd, og skjer framleis – i verda, i dag. Gjennom dei umenneskelege vala og utfordringane Rehana blir stilt overfor, får vi eit tankevekkjande innblikk i kor sårbart det er å vere ei ung kvinne i den pågåande konflikten i Syria. Ein krig som har skapt vår tids største humanitære tragedie, og der halve befolkninga er driven på flukt.

Engelen frå Kobane er skriven av den britiske dramatikaren Henry Naylor, og er siste del av hans trilogi om konfliktane i Midt-Austen. Stykket har vunne fleire prisar og motteke strålande kritikkar, som eit svært engasjerande og hyperaktuelt drama.

Samproduksjon mellom Sogn og Fjordane Teater og Hordaland Teater.

Teaterforlaget Nordiska ApS.

Enhver som kjenner til Syriakrigen vil gjenkjenne de ulike scenariene Engelen frå Kobane skildrer. Barn og unge jenter som holdes som sex-slaver, menneskesmugling, offentlige henrettelser på åpen gate til skrekk og advarsel for de som ikke bøyer seg for IS, eller de som profitterer på krig som oljehandleren i forestillingen. Alle karakterene blir samvittighetsfullt spilt av Madelena Sousa Helly-Hansen. Forestillingen er en monolog fra forfatterens side. Helly-Hansen spiller denne forestillingen med en stadig økende intensitet, i takt med hendelsesforløpet.» (Abo – artikkel).

Finn ut meir