En fisk til Luna
av Lisa Aisato
Ei visuell, musikalsk og poetisk framsyning om å være annleis – og om å høyre til.
Når Luna ikkje får sove, oppdagar ho ein merkelig skapnad i måneskinet utanfor vindauget sitt, ein slags… flygande ballongfisk som verken er fisk eller fugl? Ho skjønar ikkje kva den seier, men Luna bestemmer seg for å finne ut av kor den eigentleg høyrer heime. Kanskje den kan passe inn i byen om ho kler han ut? Kanskje han bur i havet med andre fisk? Men korleis skal ho vite kor han bur når hun ikke forstår eit ord av kva han seier? Fisken lagar så rare lydar, kanskje dei kan forstå kvarandre på andre måtar enn med ord? Kva om dei teiknesnakkar, dansesnakkar, syngesnakkar? Vil ho forstå månefisken da?
Framsyninga er eit samarbeid mellom Unge Viken Teater og Fabularium Produksjoner, og er skapt etter Lisa Aisato si bildebok «En fisk til Luna». Framsyninga utforskar kva det vil seie å føle seg annleis gjennom visuell poesi, språkleik og stemningsfull musikk.
INFORMASJON TIL PUBLIKUM
Eignar seg for barn frå 3-6 år og for barn med spesielle behov.
Konsept og regi Lene Helland Rønningen Medskapande skodespelarar Nami Kitagawa Aam, Bjørn Tore Grøntvedt Scenografi og kostymedesign Thale Kvam Olsen Komponist og musikkproduksjon Kristoffer Lo Lyskonsulent Eirik Brenne Torsethaugen Dramaturg Hilda Levin Inspisient Christina Bjurholt Figurproduksjon Erik Aarsbog Scenografiproduksjon Dekorverkstedet Søm Line Jeanette Antonsen Produsert av Unge Viken Teater og Fabularium Produksjoner Produsert etter avtale med Teaterforlaget Songbird AS Produsentar Carolinn Helgerud, Nina Bjørklund
Støtta av Kulturrådet