Litteraturhuset gjestar Hovudscenen til Det Norske Teatret, når den amerikanske stjerneforfattaren Elizabeth Strout kjem til Oslo!

Amerikanske Elizabeth Strout sine litterære karakterar har sjarmert leserar og kritikarar over heile verda siden debuten i 1998. Den sta, uføreseielege Olive Kitteridge gav Strout Pulitzerprisen og blei ei prisløna HBO-serie, og romanane om forfattaren Lucy Barton, som veks opp i fattige og dysfunksjonelle omgjevnadar på landsbygda i Illinois, har blitt folkelesnad. Alle bøkene er omsette til norsk av Hilde Rød-Larsen.

I Strouts nye roman, Det vi aldri sier, møter vi Artie Dam – ein godt vaksen og respektert historielærar i Massachusetts, eit ganske vanleg menneske. Han er den typen som held lokalsamfunnet saman, og alltid har eit vennleg ord til elevane som treng det mest. Men Artie kjenner ei gryande einsemd og framandgjering. Ein avslørt løyndom får han til å stille spørsmål ved sine næraste relasjonar, og kor lite han eigentleg veit om menneska rundt seg.

Terningkast seks

Elizabeth Strouts nye bok er noe nær fullkommen. 

Dei store dramaa i livet

Dette er ein roman som handlar både om evna vår til å snakke sant til kvarandre, og om alt det vi aldri får oss til å snakke om. Forteljinga er lagt til 2024, då Donald Trump igjen vinn presidentvalet, og Strout viser korleis polariseringa i landet set seg i lokalsamfunnet og i kroppane til folk, i klasserom, i ekteskap, i familiar, i vennskap, og i samtalar der så mykje ikkje lenger kan seiast.

Det er i det stillferdige, kvardagslege livet dei store dramaa utspelar seg i Strouts univers. Med varme, presisjon og djupne skildrar ho det indre landskapet i vanlege menneskeliv, samtidig som ho har eit skarpt blikk for korleis klassemotsetnadar og politisk uro siv inn og forplantar seg i dei.

No møter Strout forfattar Marie Aubert til samtale på Det Norske Teatret om dei store dramaa i kvardagslivet, om sannheit, solidaritet, og alt vi ikkje seier høgt.

INFORMASJON TIL PUBLIKUM
Samtalen vil vere på engelsk.

Foto: Forlaget Press/ Leonardo Cendamo

Kjøp billett

Vel speledato for Elizabeth Strout

  • Utseld
    Kjøp billett