«Utvalget av tekster, dikt, sanger og musikk var perfekt for temaet ensomhet. De sto også godt til hverandre, ofte på overraskende og tankevekkende måter.»

Grimstad Adressetidende

Vi er snart 8 milliardar menneske på denne kloden, likevel kan vi alle føle på kjensla av einsemd frå tid til annan. Nokre gonger som små, flyktige augeblikk, andre gonger som ein stor, altoppslukande tomheit.

Einsemda er ei kjensle som òg mange forfattarar og komponistar har late seg inspirere av. I denne konsertframsyninga har skodespelar Maren Sennels og pianist Julie Yuqing Ye samla eit bredt spekter av kunstverk frå rundt i verda for å skape eit rom der denne sarte kjensla får blomstre i fred, og kanskje vekse seg til noko å vere glad i.

Denne framsyninga, som skulle hatt premiere i mars 2020, byrja som eit prosjekt mellom to barndomsvenner med ulik inngong til same tema, og slutta som ei hyperaktuell kjærleikserklæring til einsemda.

Programmet er sett saman av dikt, musikk, song og teater av mellom anna William Shakespeare, Alf Prøysen, Kjersti Wøyen Håland, Inger Hagerup, Hans Børli, Edvard Grieg, Sergej Rachmaninov og Franz Liszt i tillegg til tekstar som er skrivne av Maren Sennels.

«Alt er gratis*»

Framsyninga er ein del av «Alt er gratis*»-perioden på Scene 3 hausten 2023.
Gratisbillettane blir lagt ut kl. 08.00 7 dagar før speledato.
Det er avgrensa tal på plassar, og stor rift om billettane!