Mathea Louise Rognerud sine teikningar opnar eit fargesprakande og fabulerande univers der det intuitive får ta plass.

Mathea Tegner stiller ut veldig store og knøttsmå format (og kanskje nokre litt midt imellom). Her har fantasien fått gå heilt amok, utan reglar, der ikkje eingang papiret har fått sette grenser. Resultatet er leikent, eksplosivt og noko som må opplevast!

DRAGEN er Arvin Farahmand og Frida Owren Claussen, som i januar 2025 lanserte sine (litt utanom det vanlege) mixtapar. Inspirert av musikken og vinylar kan du kjøpe din egen vinyl LØPING ER HOT eller LIKER DU SMØR. I kvart vinylomslag ligg fem ulike print. Under utstillinga på Scene 3 er desse printa stilte ut, men ikkje som på eit tradisjonelt galleri. Dette er noko heilt anna! Bruk fantasien, eller kom for å sjå.

Utstillinga vil vere open før framsyninga FIGHT, som berre kostar 120,-.
30. mai kl. 17.45 - 18.30
3. juni kl. 18.45 - 19.30
4. juni kl. 18.15 - 19.00
5. juni kl. 18.15 - 19.00
10. juni kl. 17.45 - 18.30
11. juni kl. 17.45 - 18.30