Dottera
av Goksøyr & Martens
Det er ein lys morgon. Ei kvinne og ein mann vaknar nesten samtidig, og blir verande i senga lenger enn dei burde, fordi barna deira framleis søv. Snart skal dei ete frukost, og så skal dei lempe syklane på bilen for å komme dit dei telta i fjor.
Den eldste dottera har bestemt seg for å bli heime. Ho har invitert nokre jenter for å feire at ho er blitt 18 år. Det er heilt ok, for det er greie jenter. Dessutan har mora hennar sagt at ho kan komme innom i løpet av natta. Det har ho sagt, men kva om det likevel ikkje skjer?
DOTTERA er ei historie om ein familie. Om mine barn og dine barn, og ho som berre bur litt her, fordi ho bur mest hos mor si. Det er ei forteljing om korleis alt i løpet av ei natt kan gå sund, sjølv om vi alle lengtar etter det same.
Goksøyr & Martens har basisfinansiering frå Norsk kulturråd, og er støtta av Bergesenstiftelsen og Fritt Ord . Prosjektet er utvikla ved Dramatikkens hus og er eit samarbeid med Det Norske Teatret.
Nominert til den nasjonale Ibsenprisen for beste manus 2019.