- ein kveld der folk som skriv snakkar

Don Martin presenterer stemmer han likar. Det blir ein kveld med dikt, historier, tekstar, låtar og samtalar.

Gjestane er forfattarar, poetar, tekstforfattarar, musikarar - folk som jobbar med ord. Martin leiar kvelden og samtalen. Med seg har han også sine eigne låtar og tekstar. DJ Krøllpac snurrar plater og byr på funk, soul, hiphop og god stemning.

Don Martin er norsk rappar, radioprogramleiar og tekstforfattar frå Oslo aust. Han blir rekna mellom ein av pionerane i norsk hiphop, og var med i den første norskspråklege hiphop-gruppa Gatas Parlament. Seinare har Don Martin markert seg som soloartist. Don Martin har saman med Jonathan Castro og Felipe Orellana Castro det siste halvanna året hatt suksess med konsertframsyninga Blokk til blokk på Det Norske Teatret.

Kveldens gjestar er:

Bård Torgersen

- er forfattar og musikar. På 80-talet var han ein sentral person i Oslos musikalske subkultur. Han var vokalist i postpunkbandet Masters of Mø, og på nittitalet blei han ein av pionerane på den norske elektronikascenen. Seinare har han stått bak fleire musikalske prosjekt i grenselandet mellom musikk og litteratur. Bård Torgersen debuterte i 2005 med romanen Alt skal vekk, og har etablert seg som ein markant og kritikarrost forfattar. Torgersen har vore med i ei rad antologiar, gitt ut sju diktsamlingar og sju romanar. Tidlegare i år gav han ut sin åttande roman, Lengter knuser slår.

Fadlabi

- er ein Oslo-basert kunstnar, opphavleg frå Sudan. Han er utdanna ved Kunstakademiet i Oslo (KHiO), Al-Neelain University i Khartoum og Sudan University. Han jobbar med måleri, tekst og performance. Fadlabi er kjent frå 22.juli-minnesmarkeringa i 2012 der han las dikt før Karpe framførte sin song Påfugl. I 2014 fekk han massiv mediemerksemd da han var ein av to kunstnarar som attskapte den såkalla “Kongolandsbyen” i Frognerparken. Fadlabi gav i 2010 ut På gebrokkent, ei samling små forteljingar frå Tøyen og Grønland. I 2016 kom På gebrokkent II; eit kunstprosjekt med utgangspunkt i Fadlabis personlege utvikling gjennom det å lære eit språk. Her stiller han spørsmålet: Kor oppriktig kan ein skrive når ein manglar vokabular?

Musti

18 år gamle Musti frå Tøyen er ein av landets mest lovande unge rapparar, og har allereie blitt lagt merke til med si sterke forteljarstemme og musikalitet. Musti har sidan barndommen vore oppteken av kunsten å fortelje historier, helst over beats som allereie har ei historie å fortelje. Musti er ein del av Nora Collective, som husar artistar som Arif, Philip Emilio og Unge Ferrari.

Kvelden er produsert av SPRBOX i samarbeid med Det Norske Teatret