Det går betre no

  • Scene : SCENE 2
  • Varigheit : 1 TIME 5 MIN (IKKJE PAUSE)
  • Pris frå: 210 ,-
  • Premiere: Urpremiere 21. september 2018

- Eller gjer det eigentleg det?

Korleis kan ein leve av å vere komikar og utlevere seg sjølv -  når ein inst inne er engsteleg av natur?

Radioprogramleiar, komikar og skodespelar Bjarte Tjøstheim teaterdebuterer med ei personleg og sjølvironisk framsyning om å leve med frykt for det aller meste.

Som barn blei prestesonen Bjarte korsfesta av kameratene sine i hagen til naboen på Randaberg. Denne hendinga frå barndommen bekrefta den indre frykta for kva livet vil føre med seg av farar og utfordringar. 

Den som går med frykta får som regel bekrefta at det er god grunn til bekymring. Som til dømes då han fekk konstatert lungekreft – og hadde det i 24 timar – før det viste seg at det var ein annan sitt røntgenbilde.

Den største frykta er likevel å bli galen og at psykiateren skal seie han er klin kokos. Men da han først blei innlagt, viste det seg at psykiatrisk avdeling var den tryggaste staden å vere.

 

Lys i mørkret

I soloframsyninga Det går betre no viser Tjøstheim ei ny side, og fortel personlege historier frå sitt ytre daglege og sitt indre liv. Som presteson med vaklande gudstru er håpet at englar skal komme for å redde han når livet er på sitt aller mørkaste. Englar med venger, eller berre med kvit frakk.

Men heldigvis, det går betre no. – Eller gjer det eigentleg det?

Humor-team bak

Bjarte Tjøstheim er kjend for dei fleste gjennom P3-programmet Radioresepsjonen, der han i ei årrekke har vore i trekløver med brørne Sagen.. Den yngre generasjonen kjenner han som faren i julekalenderen Julekongen. Han har også vore med i ein heil del andre radio- og TV-program, mellom andre Underholdningsavdelingen og TV-serien Presten på NRK. I 2014 vann han publikumsprisen som Årets morsomste under Komiprisen. Med Det går betre no debuterer han både på teaterscenen og som dramatikar. Bak han står ein annan moromann: Thomas Giertsen har lang erfaring både som skodespelar og standupkomikar på skjerm og scene, i tillegg til at han har regissert ei rad med sceneframsyningar og TV-program. Men det er første gong han er på Det Norske Teatret.

 

I samarbeid med Feelgood Scene