Kva skjer når tankane ein hadde om livet ikkje lenger er gjeldande? Kva blir viktig av det som har vore livet? Kva blir viktig av det som er att?

Eg hadde levd som den bortkomne sonen og var som han komen i naud; men då eg som han søkte heim att, var Faderen borte.

Den aldrande Gunnar Hòve fører dagbok for å finna samanheng og meining i livet sitt. Det er vanskelegare enn han håpar på. Som ung skauv han garden frå seg og reiste til Amerika. No er han heimkomen, men heimen er seld og faren er borte.

Den bortkomne Faderen (1899) er Arne Garborgs kortaste og vakraste roman, ein poetisk og musikalsk tekst om livets meiningssøkande spørsmål. Publikum får eit nært og gripande møte med eit menneske som prøver å finna rotfeste i ei tid der gamle sanningar er knuste av modernitetens nye tankar og vitskapar. Gunnar leitar etter Faderen, men finn heller seg sjølv i møtet med sin eigen bror.

Høgtlesing med musikk. Den bortkomne faderen (1899) av Arne Garborg.

Framføring og musikk Torbjørn Berglund Eriksen Språkmodernisert av Sigbjørn Reime Foto Marie von Krogh

Kjøp billett

Vel speledato for Den bortkomne faderen