Velkommen til ein ekte live audition framfor publikum!

Tani Dibasey, Linn Skåber og Io Sivertsen har audition for hovudrolla til deira neste stykke: CURSED*. Dette er ei forteljing om ei ung kvinne som blir heimsøkt av sin eigen venleik og talent. Konstant på utstilling og alltid under vurdering av menneska rundt seg, kan ho nokon gong klare å vise kven ho eigentleg er? Kan ho bli kvitt forbanninga alle lengter etter å ha, og ønskjer ho eigentleg det? CURSED er eit stykke om dei forvrengte skjønhetsideala våre, utsjånad som valuta, ønsket vi menneske har om å bli sett og elska, men kanskje ikkje for kven vi eigentleg er..?

Kva om alle kjendisdraumane og skodespelarambisjonane eigentleg er ei forbanning som vil øydeleggje alt du er og alt du trudde du var?

NB!
Kjøper du billett til denne "framsyninga" så er du publikum som desr på, og ikkje med på audition!

MEDSPELARAR
Linn Skåber, Mohammed Aden Ali, Flo Fagerli, Taume Dery KUNSTNARLEG LAG Tani Dibasey, Io Sivertsen, Ulv Kjalar Eyjolfsson, Jon Fosmark, Simon Mørland