Cally Monrad var ei av det tidlege 1900-talets største kulturpersonlegdomar, og Det Norske Teatret sin første kvinnelege teatersjef. Likevel er det få som hugsar henne, og portrettet hennar heng ikkje på veggen på teateret.

Cally Monrad var ein stor kulturpersonlegdom her til lands i første del av 1900-talet. Ho var frå ein kjent akademisk familie, var ei karismatisk og ettertrakta songarinne som song romansar og opera på scenar i inn- og utland i fleire tiår. Ho var ein anerkjent lyrikar og gav ut Noregs første okkulte roman. Trass i slakt frå kritikarane blei boka straks ein bestseljar.

Monrad var også berykta for sitt omskiftelege privatliv og sine mange menn. I 1942 blei ho den første og hittil einaste kvinnelege teatersjefen ved Det Norske Teatret. Det var Nasjonal Samling som i 1942 sette inn Monrad som teatersjef. Derfor har ettertida viska henne ut og portrettet hennar er ikkje å finne på nokon vegg i Det Norske Teatret – noko ho truleg ville mislikt sterkt. I dette stykket kjem ho tilbake til Det Norske Teatret for å fortelje si historie.

– Hun påsto at hun ikke visste at det var krig, at hun ikke forsto seg på politikk.

Finn ut meir