Burgerz
av Travis Alabanza

Dramatikar og scenekunstnar Travis Alabanza er ein av Storbritannias mest prominente transstemmer, og med BURGERZ presenterer hen ei tidsriktig, ubehageleg og hardtslåande framsyning.
Etter at nokon ropte eit transfobisk skjellsord og kasta en burgar på hen, blei perfomancekunstnaren Travis Alabanza besett av burgarar. Korleis dei blir laga, korleis dei kjennest og luktar. Korleis dei flyg gjennom lufta. Korleis majones kjennest mot huda idet ein blir treft.
Alabanza er en av Storbritannias mest prominente transstemmer, og med BURGERZ presenterer hen ei framsyning som er tidsriktig, ubehageleg og hardtslåande.
BURGERZ er resultatet av Alabanzas besettelse – ei utforsking av korleis transkroppar overlever, og korleis ein gjennom å ta eigarskap til ei voldshandling, kan forstå sin rolle i denne.
Passar for alle over 14 år.
Scenespråk: Engelsk
Med Travis Alabanza Regissørar Sam Curtis Lindsay Scenograf og kostymedesignar Soutra Gilmour Lysdesignarar Lee Curran, Lauren Woodhead Lyddesignar XANA Koreograf/rørsleinstruktør Nando Messias
Støtta av Ovalhouse, Marlborough Theatre, Arts Council England,
Heritage Lottery Fund og Bishopsgate Institute.