Søk ly i teateret i ei unik teaterhending natta gjennom, der vi vil forsøke å gi ei kjensle av den verkelegheita som rører seg i Ukraina nett no. Stemninga som rår kvar gong flyalarmen går.

English text below.

16. mars sleppte russiske fly bomber over eit teater i den ukrainske byen Mariupol, der sivile hadde søkt tilflukt og teaterarbeidarar var blitt bistandsmedarbeidarar.
På gata utanfor teatret stod det skrive BARN på russisk med store, kvite bokstavar. Rundt 600 sivile mista livet.

Krigen er der framleis. Vi må ikkje gløyme.

No som sjokkerande bilde frå internett er blitt daglegdagse, inviterer vi publikum til å delta på ei heilt spesiell hending.

Sidan den russiske invasjonen av Ukraina tok til i vår, har teatera vore viktige samlingspunkt. Ein stad der menneske kan søke ly, kome saman og berre vere. Bomb Shelter Night er ei teaterhending der møtet er det viktigaste. Saman med ukrainske og norske kunstnarar vil ein vere på teateret for å oppleve elektronisk og levande musikk, poesi, opplesingar frå dagbøker og sjølve krigens terror.

For nokre timar ei natt blir publikum transportert til Ukraina, der kvardagsmenneske er tvinga til å søke ly i kjellarar og bomberom. For nokre har desse romma blitt dei nye heimane deira, fordi dei eigentlege heimane er øydelagde av dei russiske bombene. Men her gror ikkje berre hat. Her veks også håp, skaparkraft og kjærleik.

Vi vil kome tett på ukrainsk kultur og verkelegheit gjennom konsertar, tekstlesingar og samtalar.

SPRÅK: Engelsk, ukrainsk og norsk.
Aldersgrense 14 år.
Åtvaring: Det vil vere sterke lydar, og framsyninga varar i 7 timar. Vi gjer merksam på dette dersom du er i ein sårbar fysisk eller psykisk situasjon.

Det vil det vere høve til å kjøpe wraps, enkel snacks, mineralvann og te/kaffe gjennom natta, betaling med Vipps.

Billettinntektene frå framsyningane vil gå til barn og familiar i Mariupol og andre byar i det krigsramma landet.
Prosjektet er støtta av Fritt Ord, European Theatre Convention (ETC) og Det Norske Teatrets venner.

Bomb Shelter Night

When horrifying photos from the Internet are perceived as something ordinary, we suggest to move for a few hours to the usual night of almost every metropolis or town in Ukraine. After all, the war is still going on and we have no right to forget about it. Bomb Shelter Night is a performance that takes place under electronic and live music with the involvement and reading of diaries, real stories of victims of a full-scale invasion.

Spectators are transported to Ukraine for several hours, where every day people are forced to stay in basements and bomb shelters, hiding from explosions. For some, these places have already become a new home because their real homes have been destroyed by Russian aggression.

Viewers are placed on mattresses and, somewhere between dream and reality, will become active participants in the action, bringing to life documentary footage about the real war and personal tragedies.

The project can be implemented as a performance or concert or contain video art and animation elements. The reading is attended by local actors and musicians and takes place in the original language and languages.

Warning: Loud sounds will be used during the performance. Not recommended for people under 14 years old, the elderly, mentally ill, and pregnant women.

This is a pilot project initiated by Dakh theater, Kyiv, in close collaboration with Det Norske Teatret, and is supported by Fritt ord, Venner av Det Norske Teatret and Europeian Theater Convention - ETC.

Director Vlad Troitskyi Curator Andrii Palatnyi Sound installation and composer Yana Shliabanska Vocals Mariana Danchenko, Sofiia Baskakova Artist Tetiana Troitska

Dakh Daughters "Ukraine fire":

Artists
Nataliia Charpe, Nataliya Halanevych, Ruslana Khazipova, Solomiia Melynk, Ganna Nikitina Light artist Astkhik Hryorian Sound engineer Simon Auffret

Mariia & Magdalyna + KRKRK: "human?..." [theatrical and musical mass]

Artists Mariia Ionova, Nadia Golubtsova Electronic musician Krystyna Kirik

Ragapop [concert performance]

Artists Ganna Nikitina, Ruslana Khazipova Musician and sound engineer Anton Ocheretianyi Light artist Astkhik Hryorian Sound engineer Simon Auffret

Stus:Passerby [chamber opera]:

Artists Sofiia Baskakova, Ihor Dymov Artist and composer Volodomyr Rudenko